Det gode livet i Kvinnherad!
Det skriver magasinet til Kvinnheringen om.
For det er vel lykke vi alle vil ha i våre liv?
Jeg skal flytte på landet!
Jeg er spent, redd, glad og ivrig.
Huset er oppusset, alle rom, akkurat som jeg vil ha det.
Mine estimerte 2 måneder totaloppussing ble til 3.
Men det er jo et mirakel i seg selv! Javisst.
Legger ved artikkelen med tekst under som var i avisa 28 mars.
..Skjekk den stua, haha!
Bill. mrk, Signe
Bill.mrk. «Byjente søkjer lukka på landet»
Signe Schineller (37) fann det ho ikkje visste ho leitte etter og har bytt ut det travle livet i Oslo med landleg romantikk i Kvinnherad.
Signe vart forelska då ho kom hit for første gong i sommar for å halda kurs
hos Ove og Turid Hillesland på Rosendal turisthotell.
I byrjinga av desember bestemte ho seg – ho ville gjera noko nytt i livet.
Nærmast på impuls kjøpte ho eit sjarmerande lite 50-tals hus med strandlinje i Rosendal.
Då Kvinnheringen var på besøk i desember var Signe i full gang med å riva ned vegger. No, tre månader seinare, har det skjedd store forandringar i huset som snart er innflyttingsklart. Det er kome lys og delikat maling på veggene, nokre rom er utvida og nokre er blitt mindre. No står berre finpussen att før ho kan møblera, og når det kjem til temaet interiør er Signe i sitt ess. Ho er nemleg interiørstylist og inspirator – kjent frå blant anna damebladet KK, God Morgen Norge på TV2 og Sinnasnekker'n på TV Norge. Ho driv sitt eige firma der ho held kurs og føredrag i dekorasjon, redesign, styling og motivasjon.
Livsnytar
For mange kan det kanskje verka noko sprøtt å flytta frå det travle storbylivet til den rolege landsbygda, men Signe er vaksen opp med begge deler. Far hennar kjem frå New York der Signe budde dei første åra av livet. Seinare flytta ho til øya Leka i Nord-Trøndelag der morsslekta kjem frå, og der har ho framleis ein fritidsbustad. Då ho var 19 flytta ho til Oslo og bylivet igjen, og no, 18 år
seinare er ho tilbake på landet.
– Oslo er ein intens by på mange måtar, med så mange inntrykk og menneske – på godt og vondt.
Det er eit konstant jag etter pengar heile tida, og når pengar er motivet for alt synest eg det er vanskeleg å vera kreativ. Jantelova er så gjeldande, og folk stel ideane dine. I tillegg jobbar folk så hardt for desse pengane at dei er slitne. Eg har budd 18 år i Oslo utan å etablera meg med familie, derfor hadde eg ingenting som låste meg fast. Då eg kom til Rosendal spurde eg meg sjølv: Herregud, kva er det med denne plassen og menneska her? Det er jo så nydeleg! Her har eg funne den perfekte balansen, Rosendal har det eg treng for å finna lukka, fortel interiørstylisten.
No gler ho seg til å få tid til å nyta livet og ta fatt på alle ideane og prosjekta ho har – og det er mange! Signe er ein livsnytar, og mellom slaga med oppussing strikkar ho, går tur og vinterbadar. Ho har jo trass alt fått eiga strandlinje:
– Å springa ned gjennom hagen til brygga i morgonkåpe og kunna hoppa i Hardangerfjorden er heilt herleg! Det må då kunna definerast som det gode livet?
Hei du - skjønner godt de forskjellige følelsene du sitter med i den prosessen du er i!! Sikkert litt rart å lese ei slik "dette-er-ditt-liv-i-et-nøtteskall" historie, men sett fra sidelinja var dette både litt fint og litt rørende:))) Lykke til med det nye livet....:) Klem
SvarSlettKvinnheringen, Signe, ikkje Grenda denne gangen ;-)
SvarSlettAlltid lika kjekt å lesa, og det runde vindauga ser så kult ut!!
Klem frå Solveig
Du er så heldig! Og tøff!! Jeg har jo også relokalisert fra Oslo til Vestlandet. Ikke bare-bare, men man faller på plass etter hvert :)
SvarSlettdet høres virkelig ut som et eventyr,! du er så tøff, og jeg er imponert over alt du utretter..jeg heier på deg!
SvarSlettDu får ha lykke til med innflytting :) Gleder meg til vi kommer så langt:) Vi har leid ut rorbuen der vi bor nå fom 1. mai, så da er det ut uansett :) Satser på å jobbe som en gal i april. God påske:)
SvarSlettMonica;)
Fin reportasje :-)
SvarSlettSpennende med innflytting - masse lykke til! :)
SvarSlettDet er nok sikkert nok å gjøre, men deilig
når ting kommer til sin rett..
Ønsker deg en finin dag!
Stor klem